Vi opnar måndag 20. april!
Fryd er ein heimebasert neglesalong i Norddal. Eit lite pusterom i kvardagen der du får setje deg ned, puste ut og ta hand om deg sjølv.
Her får du manikyr, pedikyr og neglepleie i rolige omgjevnader heime hos meg, etter avtale.
Ingen hast. Berre ein time som er din.Salongen opnar måndag 20. april kl 10 - 15.30.
Send ei melding til 984 40 163 for å bestille time.
Minimanikyr — 300 kr
Ei rask og enkel behandling. Filing, neglebandsstell og lakkering, avsluttast med neglebandsolje. Ca. 30 min.Manikyr — 400 kr
Full neglebehandling som inkluderer filing, grundig neglebandsstell og lakkering etter ynskje. Avsluttast med neglebandsolje og massasje.Spa manikyr — 550 kr
Det beste for hendene dine. Full manikyr pluss skrubb, nærande maske og lengre massasje.
Pedikyr — 500 kr
Grundig stell av føtene. Inkluderer bløyting, filing av negler og hard hud, neglebandsstell, fotmassasje og lakkering.Spa pedikyr — 650 kr
Den ultimate fotbehandlinga. Alt frå vanleg pedikyr, pluss nærande fotmaske og lengre massasje.
Alle timar vert bestilte på førehand.
Betaling med Vipps eller kontant.
Avbestilling seinast 24 timar før timen.

Hei, eg er Maria Elen.Dei fleste i Norddal kjenner meg frå butikken, men det er kanskje ikkje alle som veit at eg òg er utdanna negleteknikar.Eg tok utdanninga mi ved Tone Lise Akademiet i 2008 og jobba etterpå i salong i Ski før livet tok meg i andre retningar. Neglepleie har alltid vore noko eg har hatt hjarte for, og no har eg endeleg fått høve til å tilby det heime, i eigne omgjevnader og på eigne vilkår.Hos Fryd er fokuset på deg, ikkje berre neglane. Eg tilbyr manikyr og pedikyr med vekt på den naturlege neglen. Kunstneglar er ikkje noko eg tilbyr førebels.Eg trur på å ta vare på det du allereie har. Eit godt neglestell handlar like mykje om helse og stell som om korleis neglane ser ut etterpå. Naturlege negler som er godt stelte er vakrare enn dei fleste trur.
Og nokre gongar handlar det ikkje om neglane i det heile. Berre om å gjere noko for seg sjølv.
Anten du kjem for å stelle deg litt ekstra eller berre treng ein time der du får sitje i ro, er du velkommen.
Fryd held til i Dalssida 33, Norddal, i eigne lokale med eigen inngang på baksida av huset. Det er god parkeringsmoglegheit ved eigedomen.Salongen er open etter avtale og ikkje kvar dag. Eg jobbar ved sida av, så eg tilbyr timar når eg har høve. Send ei melding til 984 40 163 så finn vi ein tid som passar.
Produkta eg brukar i salongen er frå CND og Dadi', to av dei mest anerkjende merka i negleverda. Du finn dei ikkje i vanleg butikk, men du kan bestille dei gjennom meg til ein pris under rettleiande utsalspris. Har du noko spesielt du er ute etter? Eg kan òg bestille inn andre produkt etter førespurnad.

CND Solar Oil 3,7 ml — 69 kr
Negle- og neglebandsolje laga av naturlege oljar som trengjer djupt inn i neglen og gir elastisitet og fukt.

CND Solar Oil 7,3 ml — 129 kr
Same olje, større flaske.

CND Hydrating Lotion 100 ml — 219 kr
Lett handkrem beriket med prebiotisk kompleks. Fuktar utan å etterlate feittrestar.

Dadi' Luxury Lotion 94 g — 229 kr
Fuktgjevande hand- og kroppskrem basert på den prisvinnarande Dadi' Oil. Absorberast raskt og er feittfri.